ALFAs Eventyrer i Hordaland - Andrea Aspen

ALFAs Eventyrer i Hordaland - Andrea Aspen

Eg er fødd og oppvaksen i Arna utanfor Bergen, men dei siste åra har eg budd på Voss og har verkeleg funne meg godt til rette her. Voss er ein plass som har alt eg treng og elskar av natur og friluftsliv rett i nærleiken

Velkommen til Hordaland!

Hordaland er ein del av Vestlandet og er landets niande største i areal, der heile 71 % er fjellområde som ligg høgare enn 300 meter over havet. Her kan ein slite seg opp utallige fjell og få ei nydeleg utsikt som belønning. Det er nettopp det eg likar aller best!


Naturen her er variert, då området strekk seg frå kysten og vidare innover i landet mot fjord , fjell og viddelandskap. Eg gler meg til å vise dykk mine favorittstader – min store lidenskap er fjell og fjord, og det er det mykje av rundt her eg bur.

Sandy er Andreas faste turkamerat

Eg er fødd og oppvaksen i Arna utanfor Bergen, men dei siste åra har eg budd på Voss og har verkeleg funne meg godt til rette her. Voss er ein plass som har alt eg treng og elskar av natur og friluftsliv rett i nærleiken. Eg bur i eit lite, kvitt hus saman med hunden min, Sandy. I hagen går det sauar, bakken opp er bratt, og lyden frå ein foss er alltid å høyre. Eg og Sandy er eit radarpar på tur, og vi har blant anna gått ”Noreg på langs” og ”Noreg på tvers” saman. Den siste tida har eg satt meir og meir pris på naturen og å utforska nye stader rundt her eg bur. Ein treng ikkje alltid å reise så langt for å få flotte naturopplevingar!

Eg er utdanna folkehelsearbeidar og personleg trenar og for tida arbeidar eg som jobbkonsulent i Kveik AS. På fritida spring eg (og Sandy) mykje i skogen og på fjellet, vandrar i fjellet med sekk og fiskestang, og drar på overnattingsturar i telt eller hengekøya mi. Noko av det beste eg veit er å slå leir på toppen av eit fjell som har bratt utsikt ned til fjorden.


Andrea sover helst på toppen av eit fjell som har bratt utsikt ned til fjorden

Sandy nyter utsikten over fjordene i Hordaland

Planen min er at vi skal utforske fjell og toppar i området rundt Voss, Hardanger og mot grensa til Sogn, og jakte etter ein flott ørret eller to på stanga. Eg vil og ta med lillesøster på tre år på teltur for fyrste gong i fjellet. Eg håpar å kunne spre nyskjerrigheit og inspirere andre, både store og små, til å dra på tur. Følg med, og du vil få sjå mange flotte naturperler! Har du tips til turar, eller kanskje du har lyst til å bli med meg og Sandy på tur, ikkje nøl med å sende oss ei melding på instagram eller facebook.

Andrea og Sandy er klare for å vise frem Hordaland!

10 raske med Andrea

  • Tørket turmat eller hamburger?

Burger, helst vegetar eller viltkjøt

  • Lærsko eller tekstilsko?

Lær

  • Sove lenge eller stå opp tidlig?

Tidlig!

  • Nordpolen eller Ekvator?

Nordpolen

  • En god bok eller film?

Film

  • På tur med Jan Thomas eller Lothepus?

Lothepus. Med eit sitat frå han sjølve: ”Eg har aldri vore redd, og eg har aldri frose”er han nok ein barskning. Eg er sikker på at det ville vore ein morosam tur. Og så har han sikkert med seg noko eplesider frå Hardanger på deling.

  • Lofoten eller Jotunheimen?

Denne er vanskeleg. Eg syns at Jotunheimen til tider kan vere for mykje stein. Eg er skikkeleg forelska i Lofoten med dei spisse fjella like ved havet, så eg må gå for Lofoten!

  • Telt eller åpen himmel?

Telt har sin sjarm, men open himmel om været er bra.

  • En lang ekspedisjon, eller mange korte turer?

Kvar av dei har sine positive sider, men eg likar godt lange ekspedisjonar kor ein virkeleg får pushe sine grensar og vere i eitt med naturen.

  • På tur alene eller sammen med noen?

Med Sandy så klart! Vi trivs godt åleine, men syns det er kjekt med selskap i ny og ne

  • Facebook eller instagram?

Instagram